Fagdag og kåring av verlam

15. nov, 2013
Fagdag med kåring
Arne Haukås er driftsleiar ved Øya videregående skole i Melhus og leiar av Raselaget for Grå Trøndersau

25. oktober arrangerte Raselaget for Grå Trøndersau fagdag på Øya videregående skole

 Fram til lunsj var det innlegg om sauekontrollen, praktisk nytte av denne og orientering om Norturas leveringsvilkår for sau og lam. Tida etter lunsj var sett av til kåring av verlam. Både lam frå skolens buskap og lam frå eit par av møtedeltakarane vart viste til kåring. Øya videregående skole er bevaringsbesetning for Grå Trøndersau og driftsleiaren ved skolen, Arne Haukås, er leiar av raselaget for denne sauen.

Det var Arne Haukås som orienterte om korleis ein nyttar sauekontrollen som hjelpemiddel til å styre drifta i ein sauebuskap. Han minte og om at medlemskap er ein god og enkel måte å få dokumentert dyras avstamming på.  Norsk genressurssenter har valt å nytte medlemskap i sauekontrollen for å dokumentere avstamming når dyr av Grå Trøndersau skal godkjennast som reinrasa.

Rådgjevar i Nortura, Bjørn Wæhre, fortalte om korleis ein skulle gå fram for å bli medlem i sauekontrollen. Han viste døme på noen av rapportane frå sauekontrollen og orienterte om korleis ein skulle tolke dei. Sauekontrollen er og eit godt hjelpemiddel når ein skal drive avlsmessig utval. Når verlam skal kårast må det koma frå ein buskap som er med i sauekontrollen. Her finn ein dokumentasjon på kåringskandidatens avstamming og kva lammet sjølv har prestert i form av tilvekst.

Veren er halve saueflokken

Wæhre nytta og høvet til å minne om kor viktig veren er for den genetiske standard i sauebuskapen og refererte ordtaket om at veren er halve saueflokken.  Den som ikkje er med i verring eller har utstrakt bruk av kunstig inseminering, bør nytte kåra verlam.

Kåringa

Deltakarar på fagdagen var medlemar av raselaget ein del av elevane ved skolen. Storparten av dei var og med på kåringa. Her vart dei orienterte om kva som blir kravd av dyra som skal bli kåra og dei fekk sjå korleis kåringsdommaren vurderte kropp og bein. Kvaliteten på ull har forholdsvis høg arvegrad, derfor er det viktig at ulla på kåringskandidaten blir vurdert rett. Det er alltid stor interesse blant praktikarane når ulla blir vurdert, det var og tilfelle her. Idet heile vart kåringssekvensen ei god innføring i utplukk av avlsdyr.

Besøket på fagdagen var bra, det kjem stadig til nye medlemmar til i raselaget. Dette saman med bra etterspurnad av livdyr tyder på at populasjonen er i vekst.

 

 

Kåringsdommar Olav Heggvold set klypa i øyra på kandidaten som bevis på han vart godkjent, medhjelpar er elev frå VG3-Landbruk (agronomklassen) Johannes Stråbø

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

15.07 | 22:30

hello do you speak english thanks sy

...
11.11 | 11:09

Spennende å høre om Grå trøndersk på radioen nå.....Er det på Selbu en kjøper garnet? Hilsen Bjørg L. Strømme se : www.bjorgstromme.no

...
16.02 | 22:48

Utrolig bra det dere har fått til. Håper dere klarer å fortsette, og likeså at jeg kan få spunnet ulla mi om ikke alt for lenge!
Var i kontakt med dere i fjor-

...
09.08 | 09:55
Selbu Spinneri AS har mottatt 12
Du liker denne siden