Grå trøndersauentusiastar kursar seg i ullsortering

Selbu spinneri, som kom i drift på tampen av 2010, satsar på å foredle ull frå dei tradisjonelle norske sauerasane. I dette arbeidet er det viktig å sortere ulla etter ulike brukskvalitetar - om den høver til spinning, toving eller annan bruk. Fleirfarga fellar må ein i tillegg sortere etter farge om ein vil nytte dei ulike fargenyansane i produkta ein skal lage.

Skal ein utnytte alle kvalitetane av ull frå Grå trøndersau blir det forholdsvis arbeidskrevjande å sortere. Selbu spinneri som og tilbyr leiespinning, utfører og arbeidet med sortering, men spinnerikostnadene blir reduserte om oppdragsgjevaren gjer sorteringa sjølv.

For å få ullprodusentar i gang med å sortere eiga ull tilbyr Selbu spinneri skolering gjennom kurs. Første kurset vart arrangert i spinneriets lokale ein laurdag i januar. Kurset vart leia av Ingvild Svorkmo Espelien. Seks deltakarar møtte; fem kvinner og ein kar. Deltakarane kunne vel karakteriserast som ein miks av Grå trøndersaueitusiastar og ivrige husflidskvinner.

Ulltypar og ullkvalitetar

Espelien som til dagleg er prosjektleder ved Skjetlein grønt kompetansesenter og utdanna biolog med vekt på genetikk, hadde først ei orientering om ulltypar på dei norske sauerasane. Spelsau har ull med dekkhår og underull, mens ulla av dei norske kryssingsavla rasane som t.d. dalasau og steigar er meir einsarta. Det vart orientert om kor i ullfellen ein kan finne mest av dyrehår og marghår som ein helst vil ha så lite som råd av i garnet. Seinare på dagen vart det forholdsvis bra med tid for deltakarane til å øve seg i å sortere ull.

Orientering og omvising i spinneriet

Espelien er ein av dei to drivarane av Selbu spinneri og ho nytta høvet til å orientere kursdeltakarane om spinneriet, drift og produkt dei har for sal.

Fleire kurs

Når spinneriet satsar på kurs i ullsortering og ullhandtering er det ikkje berre for at ullprodusentane skal kunne ta unna noko av arbeidet spinneriet gjer, men vel så mykje for å påverke haldninga til å ta vare på all ulla og utnytte denne ressursen, seier Espelien. Ho fortel vidare av dei tek sikte på fleire kurs i ullhandtering. Selbu spinneri vil i samarbeid med fagtenesta for ull og Norsk genressurssenter arrangere fleire kurs hausten 2012. I desse kursa vil ein lære om klipping av sau, ullklassifisering etter norsk ullstandard, om ullkvaliteten hos dei norske tradisjonelle sauerasane og avl for å bevare rett ullkvalitet på desse.


                                                                                               Skrevet av Jan Sørås

Kursleiar Ingvild S. Espelien (i midten) diskuterer ullkvalitet med Inger Solbu og Solvor Evavold

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

15.07 | 22:30

hello do you speak english thanks sy

...
11.11 | 11:09

Spennende å høre om Grå trøndersk på radioen nå.....Er det på Selbu en kjøper garnet? Hilsen Bjørg L. Strømme se : www.bjorgstromme.no

...
16.02 | 22:48

Utrolig bra det dere har fått til. Håper dere klarer å fortsette, og likeså at jeg kan få spunnet ulla mi om ikke alt for lenge!
Var i kontakt med dere i fjor-

...
09.08 | 09:55
Selbu Spinneri AS har mottatt 12
Du liker denne siden